Bilungdomane tar til motmæle

- Folk som ikkje har gjort noko gale vert viste vekk

– Eit viktig sosialt miljø for bilelskarar er i ferd med å verte øydelagt. Det vert feil at folk vert viste vekk frå sentrum utan å ha gjort noko anna enn å ha køyrt med bil.

Møteplass: Bilelskarane ynskjer seg ein møteplass. F.v. Jon Gudnason, Aase-Mari Romestrand, Stian Steinnes Foldal, Tommy André Olsen, Sander Iversen, Torbjørn Torvik og Kristoffer Nygjerde. Foto: Kjell Arne Steinsvik  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Det seier Torbjørn Torvik. Han karakteriserer seg sjølv som bilelskar, ikkje rånar. Han og fleire reagerer no på strenge tiltak frå politiet si side denne sommaren. Tiltak som er sette i verk for å få slutt på nattebråket i Ørsta sentrum.