Kva er ein perfekt sommar for deg?

Ein perfekt sommar er å vere på Urke – i strålande ver. Ingenting er betre, og smekkfullt kaihus høyrer. For slik har det vore i sommar, og det er heilt suverent. Bernt Ole Stennes har laga til eit flott uteområde for oss, og gjort det mykje betre både for oss som arbeider her og ikkje minst gjestene våre.

Kvar går ferieturen?

Når sesongen er over her, reiser eg til Sør-Amerika. Eg er halve året i Uruguay. Det er mitt andre land. Maten og folket lokkar, og der er eit fint landskap. Temperaturen er perfekt, og så skadar det ikkje at kjærasten min bur der, Maria de Maria.

Kva er ditt beste sommarminne?

Mine beste sommarminne er at eg som born var så heldig at eg fekk kome inn til Urke. Det skjedde mest kvar sommar. Desse gode minna gjorde det ikkje vanskelegare å verte med på kaihussatsinga.

Viss du skulle hatt ein annan jobb om sommaren, kva hadde det vore?

Kanskje comeback som journalist, og då vere gjestejournalist i Møre-Nytt.

Kva brukar du sommarkvelden til?

No arbeider eg til midnatt stort sett kvar kveld. Får eg tid, reiser eg over til Stenes, og smakar på det flotte heimebrygget dei lagar der. Men det er sjeldan eg får tid.

Kva er det optimale førstesideoppslaget i Møre-Nytt?

«Nytt sørvisbygg ved Urke-kaia». Det hadde vore det ultimate, og det trengst for å få utvikla området ved kaia.

Kva er den beste sommarmaten?

Burgarane på Urke kaihus er fantastiske, men det er ingenting som fisk som er fiska i Norangsfjorden. Det kan vere alle moglege fiskeslag.

Kva gjer du når det høljar eller er syden-temperatur i Ørsta?

Viss det høljar ned, trekkjer eg berre inn. Når det er sol prøver eg å nytte området på Urke, gå turar på vegane eller i fjellet – eller ta ein tur ut på sjøen.