Kva er ein perfekt sommar for deg?

Sommaren i år har vore perfekt, med unntak av tørka. Det seiast at det ikkje er lov å klage når sola skin, men nokre harde regnskur hadde gjort seg.

Kvar går ferieturen?

Å bu på Trandal er som å ha ferie heile tida: tida går saktare, sola skin lenger, å sjå folk er eksotisk og kvilepulsen er lav. Heime på sommaren er best, men vi hadde oss ein tur til Berlin i april. Ein spanande by med mykje god mat, eit rikt kulturliv og kjekke folk.

Kva er ditt beste sommarminne?

Bading og leiking i Hjørundfjorden frå ferjekaia på Trandal. Men no når eg stikk tåa i sjøen lurer eg på om det er draumar og ikkje minne.

Viss du skulle hatt ein annan jobb om sommaren, kva hadde det vore?

Eg har allereie ein annan jobb på sommaren, men i tillegg til den faste: Potet på Christian Gaard. Det er hektisk og spanande når eg er der, og roleg og avslappande når eg er heime med meg sjølv litt lenger ute i bygda.

Kva brukar du sommarkvelden til?

Det går mykje i vedlikehald og oppussing av huset og eigedomen på Trandal og vere vertskap for turistar som vi får på besøk. Men eg rekk òg å kose meg i sola og nyte saktelivet på Trandal.

Kva er det optimale førstesideoppslaget i Møre-Nytt?

Ørsta kommune innfører buplikt i hus på bygdene og område med bustadmangel og skjerpar inn krava om buplikt og driveplikt på gardar i Hjørundfjorden. Alt for mange gardar og hus i Hjørundfjorden står tomme og til forfall samstundes som fleire ynskjer å busette seg.

Kva er den beste sommarmaten?

Sjøkreps, krabbe og reker er nydeleg på varme sommardagar

Kva gjer du når det høljar eller er syden-temperatur i Ørsta?

Det blir mest å styre på innandørs når det høljar, medan det er obligatorisk å halde seg utandørs når vi har syden-temperaturar.