Vik Ørsta fekk eit svakare årsresultat i fjor, enn året før.

– Utviklinga har vore noko svakare enn venta, skriv styret i årsrekneskapen, som nyleg er levert til Brønnøysund.

Omsetnaden var 630 millionar kroner, mot 616 i 2016. Resultatet etter skatt er 33 millionar kroner, ein tilbakegang på 26,6 millionar kroner samanlikna med 2016.

– Vik Ørsta ventar å auke omsetnaden noko i 2018 basert på marknadsutsiktene og produkta til selskapet. Vi satsar på utviklinga av eigen organisasjon, og har ambisiøse mål for produktivitetsforbetringar, står det i årsmeldinga.

– Dette arbeidet vert vurdert som svært viktig i forhold til det å halde på eller auke, noverande marknadsdelar, står det vidare.

Vik Ørsta er ein fusjon av Vik Verk i Sogn og Ørsta Stål AS, og er ein del av Saferoad-konsernet. Det er ikkje eigne tal for Ørstadelen av selskapet.

Årsresultatet etter skatt er på 25 millionar kroner. Styret foreslår at 22,2 millionar vert overført som konsernbidrag, medan 2,8 millionar går til å styrke eigenkapitalen.