Stjernekokkar til matfestival

Det vankar eit måltid i øvste sjikt når to stjernekokkar skal lage festmiddag på Bjørke.

Lokalmat: Maria Nikkinen Rørstad og Nina Viddal inviterer til stor festmiddag på Haukly i september. Stjernekokk Nils Henning Nesje har mange idear til rettar laga av lokale råvarer.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

I samband med Hjørundfjord mat- og kulturfestival i september, avslører arrangørane no det som kjem til å verte ein av hovudattraksjonane: Ein middag for åtti personar på Haukly, komponert av kokkane Nils Henning Nesje og Gunnar Nagell Dahl.