Camping er ei form for ferie eller fritid der dei reisande overnattar i telt, campingvogn, bubil eller utleigehytte, - til vanleg på spesielt til- rettelagde campingplassar.

Kring 1930 kom dei første organiserte teltplassane i Noreg. Etter kvart fekk fleire bil og meir ferie. I fleire høve var det bønder som såg byfolk sitt behov for landleg ferie, og mange campingplassar starta slik. På 1950-talet, og endå meir i 1960-åra, fekk camping for alvor innpass i vanlege folk sine ferie- og fritidsplanar. For arbeidarklassa vart dette ei særs aktuell ferieform. Camping var arbeidarane sitt friminutt frå lange arbeidsdagar og monotoni. Stats- minister Einar Gerhardsen var sjølv ein ivrig campar.

Kring 1960 vart det vurdert om det å vere i ei campingvogn kunne reknast inn under nemninga «camping», då dette ikkje handla om å vere avhengig av telt eller leirplass. Tidleg i 1960-åra vart talet på bilar dobla til over 400 000. Dette gav også nye campingopplevingar, – praktisk, utstyrsmessig og i reiseavstandar. Campingplassane kunne vere store som små byar.

Det var fargesterke familietelt som rådde grunnen på campingplassane, laga av bomull, til vanleg blå eller oransje, gjerne med innertelt med plastgolv. Telta fekk etter kvart selskap med små og enkle campinghytter der det var kokeplater og køysengar, ein enkel sofa og nokre stolar. Dette var populært i regnvêr, - og for myggen. Luftmadrassane høyrde med, både ved soving, soling og bading.

Mange har mykje å fortelje om campingturar i 1960- og 1970-åra. Nokre hadde også med fotoapparat, men det var færre som hadde fargefilm, og det var mest uråd å ta motiv som viste dei store plassane. Her kom postkorta til nytte. «Her var vi»-sjangeren høyrde med, og mange fekk forteljande prospektkort med fargeglade motiv heim i postkassa. Det var alltid pent vêr på feriekorta. Det finst få postkortsamlingar utan campinghelsingar. Dette er også dokumentasjon med viktige og detaljrike tidsbilete. Postkort og samlarar har alltid noko å fortelje.

Utover mot 1980-talet vart det oftare å sjå campingbilar etter vegane. Dette kunne vere varebilar som var inn-reidde for matlaging og overnatting. Etter kvart kom dei større bubilane på marknaden, og det er no over 50.000 norskregistrerte bubilar. Stadig større campingvogner vart fast plasserte på ein nærliggande plass, ofte med eit «spikartelt» som tilleggsareal.

Campinglivet er skildra gjennom TV-seriar, men neppe heilt typisk alltid. Dei vanlege campingturistane, gjerne godt vaksne, finn lett plass i ein solstol på kvar si side av bordet på utsida av vogna eller bubilen, – med lesetoff eller strikketøy, og noko godt å drikke. Då ser dei gjerne kvarandre.

Ørsta Camping har vore her sidan 1960, – med dei endringar og til- passingar som høyrer med. Urke Camping starta også kring 1960. Hjørundfjord Camping på Sæbø opna i 1961, og kring 1970 kom Bondalselva Camping. I fleire høve var det laksefiskarar som var faste gjestar.

Også campinglivet endrar seg, og no er det ulike former for «glamping» som er det nye. Dette er glamorøst teltliv med tilnærma hotellstandard. Campinglivet har fått si eiga soge i Geir Svardal si bok «Camping – Det gode liv langs landeveien» (Spartacus Forlag, 2018).

God sommar!