Sommarljom har stadig utvikla og utvida seg – frå å vere eit lite knippe lokale artistar som spelte på kunsthuset i 2011, til å verte ein fire dagars intimfestival med nitten artistar.

Årets festival startar komande torsdag i eit naust i Bogafjøra i Ørsta. Naustdørene opnast ut mot sjøen, så ein har utsikt mot fjord og fjell. Det er «Stille» som er først ut, med Torkjell Hovland, Torgeir Hovden Standal, Julie Kleive og John Inge Leira Bjøringsøy. Vidare speler den norsk-indiske fiolinisten Harpreet Bansal saman med gitaristen Nils Olav Johansen frå Farmers Market.

Fredagen flyttar dei seg til Røysløda i Volda, der symfoniorkesterfiolinist Sigmund Eikeset og cellist Krisztina Tokaji speler, pluss eksperimentell-gitarist Lars Ove Fossheim. Til sist er det den plateaktuelle gruppa «Masåva» med Selma French Bolstad, Martin Morland og Øystein Aarnes Vik som speler.

På laurdagen i kunsthuset i Ørsta opnar Javid Afsari Rad med persisk musikk, før sopran Karen Rosenberg Olsen og gitarist Petter Richter framfører stemningsrike og poetiske songar. Til slutt er det bandet 1816 som står for tur. Vokalist Wenche Losnegård, bassist Audun Ellingsen og Erik Nylander på trommer som serverer tunge grooves og mørke klangar.

Søndagen avsluttar Kouame Sereba årets Sommarljom i kunsthuset med ein familiekonsert. Sereba, som speler mange instrument innan mange sjangrar, har spelt hundrevis av skulekonsertar og har ein god formidlingsevne.

Intim festival

Arrangørane ser fram til å levere den åttande Sommarljom-festivalen. Det som starta med eit ønskje om å spele for ei sommarsøvnig bygd, har etter kvart vorte eit suksessfullt kulturtilbod.

– Vi hadde berre lyst å skape litt liv og røre. Det første året var det heilt spontant. Vi berre planla litt og lånte kunsthuset. Sidan har det vorte meir profesjonalisert, med fleire musikarar utanfrå. Sommarljom er ein liten, intim festival utan dei mest kjende artistane, men likevel er det høg kvalitet på det som skjer på scena. Det er kjekt å få kome heim og spele, seier Audun Ellingsen.

Billettar vert selde via Tikkio og i døra på dei tre scenene.