– Det var ein veldig kjekk og nyttig time på brannstasjonen. Matt Larstanna har tenestegjort som brannmann i 18 år, først i Brookly, og deretter i Staten Island. Det er nok heilt andre forhold han jobbar under der han kjem frå, enn det vi styrer med i Ørsta. Dei har det som full jobb, medan her har vi det gjerne i tillegg til anna arbeid, seier befal Guttorm Øye.

Larstanna har vore på feriebesøk hos familie i Ørsta denne veka, og sette av tid til å helse på brannmannskapet som var på jobb.

Øye fortel at dei fekk utveksla mykje nyttig erfaring og kunnskap, og at begge hadde mykje å dele om korleis dei gjer jobben sin.

– Vi gjer enkelte redningsoppdrag på ulik måte, og difor er det alltid nyttig å få vite korleis andre brannmenn gjer det, seier Øye.

Han fortel at brannmannskap rundt i verda er meir enn kollegaer.

– Vi er også «brødre» som følgjer med kvarandre i ulike media. Det var eit utruleg kjekt og interessant møte med Larstanna.