Det har vore jobba iherdig med å oppgradere kraftstasjonen på Bjørke dei siste månadene. Sidan mars har stasjonen vore stengt, og to nye turbinhjul har erstatta dei gamle travarane.

Kraftverkssjef Terje Myklebust i Tussa Energi fortel at det meste har gått som smurt, men no er det teknologien som stoppar dei.

– Vi har eit stykke att før vi er i mål. Så no tek vi ein pause for å gå gjennom alt. Der er noko gale med styringssystemet som vi må få orden på.

Heile stasjonen er digitalisert. Nye elektroniske regulatorar må stillast inn. Med ferieavvikling har det vore vanskeleg å få tak i dei rette folka som kan fikse problema.

– Vi har difor kome dit at vi må sette foten i bakken og prøve å få ei oversikt før vi går vidare.

Tussa kraftstasjon produserer om lag 268 GWh i året, som meir folkeleg kan seiast at dei kan forsyne 13.000-14.000 husstandar med straum årleg. Med nye turbinar på plass vil dette auke til om lag 280 GWh. Hovudføremålet med oppgraderinga er altså ikkje auka produksjon, men meir effektiv utnytting av anlegget, og nye og friske driftsår.

Tussa kraftverk på Bjørke er den største stasjonen til Tussa.

– No er alt digitalisert, frå vassveg til avløp, for å seie det enkelt. Når vi får dette opp å gå vil vi ha veldig god kontroll på heile prosessen i kraftverket, på skjerm. Dette gjer stasjonen meir driftssikker, og vedlikehaldet vert også enklare og meir presist, fortel Myklebust.

Medan kraftstasjonen har vore ute av drift, har Tyssevatnet fått leve fritt oppe i høgda, utan å verte tappa.

– Det vart tappa heilt ned før vi byrja, og vi har sju meter å gå på før det «renn over». Altså at vi får vasstap med at vatnet går i fossen. Så det er inga krise. Vêret er med oss, og det er lite snø att i fjella, så vi har framleis god margin.

Før sommaren går over i haust, er planen at kraftverket skal kome i drift att. I mellomtida er det andre kraftverk som gjer jobben.

– Vi har 21 kraftverk totalt, og eit 22. under oppføring. Alle kraftverk med vassmagasin er stort sett i sving, som Urke, Åmela, Trandal, Sør-Brandal og Gjerdsvika. Elvekraftverka er det verre med, for der er det lite vatn. Men vi har nok å ta av, og med slike dagar og månader vi har hatt no, med flott vêr, så er heller ikkje forbruket det største, seier kraftverkssjefen.