Det skriv Frode Ose i eit brev til kommunen.

Han og familien bur i Smådalane. Vegen til bustaden var opphavleg ei rås, som med tida har vorte tilkomstveg for alle husa som har kome langs vegen.

– I dag tel eg 10 hus til vegen, pluss nokre hytter som vert leigd ut. Ei uoffisiell måling viser heile 110 bilpasseringar på eit døgn. Vegen er ikkje lenger ei «rås», men har med tida vorte ein ganske brei grusveg. Han vert eigentleg større og større for kvart år i takt med aukande trafikk. Vegen vert vinterbrøyta av kommunen, og fram til våren 2018 har kommunen også vore velvillige til å kome med eit lass med grus når vegen har vorte «for galen» i vårløysinga.

Men no skal kommunen ha gitt beskjed om at dette ikkje er aktuelt lenger, fordi vegen er privat. Dei vil berre ta ansvar for vinterbrøytinga.

– Vi veit at det snart kjem ein ny veg på Ose/Smådalane. Denne er sårt tiltrengt, og vi ønsker den sterkt velkomen. Vi skulle ønske den stod klar i dag. Då ville vi som bur nedst i «Smådalane» (tre hus) kunne nytte råsa vår, medan dei på øvre del får tilkomst ifrå den nye vegen. Fram til den nye vegen kjem, vil det kome nye vårløysingar medan trafikken aukar for kvar månad. Dette vil igjen bli ei utfordring. Eg håper at kommunen ser at dei har eit ansvar for å halde tilkomsten til eigedomen til skattebetalande ørstingar, på ein viss standard. Slik det såg ut i verste vårløysinga denne våren, kan vi ikkje ha igjen. Då var vi nemleg utan tilkomst til husa våre i ca to veker. Vi er redde for at det vil dra ut i åresvis før vegen er på plass, og håper kommunen kan ta eit minimum av ansvar for vedlikehaldet her.