Kva er ein perfekt sommar for deg?

Tid nok til å finne roa, og ein sommar der mange gjester får gode opplevingar i Aasen-tunet, Hauge-senteret i Hardanger og Vinje-senteret i Telemark.

Kvar går ferieturen?

I år, som vanleg, gjekk turen til familie og vener i Noreg.

Kva er ditt beste sommarminne?

Eg var vel ein 7–8 år gamal, for ung for eige lånekort på biblioteket, men med enorm lyst for bøker. Favorittsysselen min den våren hadde vore å ta med atlaset ut i hagen, kike forventningsfullt mot vindauga til naboen, smile stort idet han kom ut med saft, og lét meg fortelje om alt eg såg på kartet. Første dagen i sommarferien fekk eg vite kor nøkkelen til bakdøra deira låg. Rett innfor døra var det hylle etter hylle med bøker. Eg fekk fråtse i Dickens og atlas, Frøken Detektiv og franske ordlister, kunstbøker og eventyr. Eg fekk gå på oppdagingsferd i eit framand rom i eit framand hus, og finne skattar som der og då berre var mine.

Viss du skulle hatt ein annan jobb om sommaren, kva hadde det vore?

Gartnar.

Kva brukar du sommarkvelden til?

Som kveldar flest: ei god blanding av nytte og hygge.

Kva er det optimale førstesideoppslaget i Møre-Nytt?

12. mai 2019: «134 år etter jamstillingsvedtaket er det endeleg like enkelt å vere nynorskbrukar, som bokmålsbrukar». Det er den draumen eg ber på, og så får det bli mange andre gode nyhende på vegen dit.

Kva er den beste sommar-maten?

Krabbe, helst frå eigne teiner, og kokt i farmors gryte. Ein sommar fekk vi så utruleg store mengder, både i teiner, og diverre: I garn. I timevis gjekk bror min og eg i skytteltrafikk frå brygga til kjøkenet med krabber. Farmor fylte grytene til randen. Ei gryte var blitt for fullessa. Då vi kom opp att stod farmor på ein stol med eit kosteskaft. På golvet var det krabber over alt.

Kva gjer du når det høljar eller er syden-temperatur?

Om det høljar tek eg på meg regntøy, og i heten finn eg fram badebuksa.