Det er Volda kommune som skriv dette på heimesidene sine.

– Vi vil med dette beklage den uventa og ekstremt sterke støyen som har kome frå boringa ved Volda nye ferjekai. Dette kom uventa av forhold som ikkje var føresett. Vi er no ferdige med det partiet, seier Kaldhussæter til Volda kommune.

Denne veka vart det sett ned tre pålar på djupare vatn, noko som gav vesentleg lågare lyd.

I veke 30 og 31 er det opphald i arbeidet. Det startar først opp att i veke 32.

– Det er venta at boringa vert ferdig i slutten av oktober 2018, seier Kaldhussæter.

Byggherre for ny ferjekai i Volda er Statens vegvesen. Entreprenør er K. Nordang AS.