- Når Stortinget samtidig har vedteke nye og betre rammevilkår for ferjeavløysings-prosjekt, ligg alt til rette for å setje inn eit nytt gir i arbeidet med å få bygd bru Anda-Lote. Det seier styreleiar i Nordfjordbrua AS, Alfred Bjørlo.

Nordfjordbrua AS vedtok difor på generalforsamlinga  29. juni ein emisjon i selskapet, med mål om å auke aksjekapitalen med inntil 5 millionar kroner. Føremålet med emisjonen er å ha kapital til å gjennomføre eit samla forprosjekt for byggjing av bru Anda-Lote, der ein gjer alle nødvendige tekniske avklaringar, får utarbeidd konsept for ei bru, ytterlegare dokumentasjon på samfunnseffektar og finansieringsmodell. Målet er at forprosjektet skal gjere det mogleg å gjere endeleg vedtak om å byggje og finansiere brua som eit ferjeavløysingsprosjekt. Både eksisterande og nye aksjonærar vil bli invitert til å delta i aksjekapitalutvidinga.

Generalforsamlinga valde også eit nytt styremedlem i selskapet, Beate Dybendal Nordvik frå Gloppen. Ho overtek for Olin Johanne Henden i styret. Utover dette held styret fram, men det vil bli kalla inn til ei ny generalforsamling i haust når emisjonen i selskapet er gjennomført, der ein også vil sjå på samansetjinga av styret på nytt.

- Nordfjordbrua har etter generalforsamlinga også hatt eit godt og nyttig møte med Statens Vegvesen Region Vest og Sogn og Fjordane fylkeskommune, der vi la fram arbeidet vi har gjort i selskapet så langt. Vi fekk her gode tilbakemeldingar på arbeidet som er gjort med finansierings- og trafikkanalysen, og viktige råd og innspel om vegen vidare.

- På grunnlag av møtet vil Nordfjordbrua gjennomføre møte med Kystverket og politisk leiing i Samferdsledepartementet i august. Særleg er politisk avklaring i departementet om vegen vidare for å realisere eit lønsamt ferjeavløysingsprosjekt på riksvegnettet viktig, seier styreleiar Alfred Bjørlo.

Alfred Bjørlo (Eid) er styreleiar i selskapet, og Svein Ottar Sandal (Gloppen) er nestleiar i styret. Jan Olav Tryggestad er engasjert som dagleg leiar.