Fleire fiskarar gjorde store auge då dei såg den om lag 1,3 meter lange selen bakse seg oppover elveosen på ettermiddagen.

Først jakta selen etter laks på nedsida av brua, før han byrja bevege seg framover. Der renn elva på Sæbø-sida, før ho går over eit rev og vidare oppover.

– Selen heldt på i 15–20 minutt og gjorde sju-åtte forsøk på å kome seg over revet, men han måtte til slutt gje seg på det, seier Rasmus Mo, ein av elveeigarane som såg det heile.

– Selen snudde då og gjekk ganske langt ut att. Så kom han jagande attende med laks opp til brua. Der bråsnudde laksane og for ned att. Så kom selen jagande med dei ein gong til. Etter det, forsvann selen, og vi såg ikkje meir av han, seier Mo. Han såg ikkje om selen greidde å få tak i nokon laks.

Det har vore observert sel i sjøen på Sæbø tidlegare, men aldri oppe i Bondalselva. Mo seier selen er ein uønskt gjest i lakseelva.

– Eg håper han ikkje fekk meirsmak på dette. Sel vil vi ikkje ha i elva, så vi kjem til å følgje med på kva han gjer. Byrjar han på denne måten, må vi vurdere å søkje fellingsløyve på han.