Det er ein aldri så liten kuriositet som går føre seg i hagen nedanfor sjukehuset i Volda i desse dagar. På greinene til apeskrekktreet (araucaria araucana), har det dukka opp kring femti store konglar, som kvar inneheld ei mengde frø.

At eit tre får kongler er ikkje så sensasjonelt i seg sjølv, men på apeskrekktreet er det ikkje kvardagsleg. Det kan ta mellom tretti og femti år før noko slikt skjer, og i sommar skjedde det endeleg.

– Det vart planta her i juni i 1969. Det var noko av det første eg gjorde då eg starta her og arbeidet med hagen tok til, seier Lars Barstad, som har arbeidd ved uteanlegget ved sjukehuset i ein mannsalder.

Saman med kollega Einar Stennes, oppdaga han denne veka at treet for første gong har fått ein haug med store, piggete kongler på greinene.

Sjukehushagen vart i si tid etablert som ein forsøkshage, opplyser Barstad. Det vart planta mange sjeldne sortar tre og plantar, som framleis er å finne der.

Når det gjeld apeskrekktreet, kom det i si tid frå ein planteskule ved Hamar. Då var det knapt ein halv meter stort. Det var berre ein topp med to greiner som stakk ut, minnast Barstad. Han kjenner ikkje til fleire slike tre i nærområdet, men veit dei finst i Ålesund og på Sjøholt.

Energikrevjande kongler

Arborist Daniel Armitage hos Sandal Parkdrift seier apeskrekk er eit tre som har ganske langdryge prosessar.

– Det er veldig energikrevjande å produsere slike kongler, seier han.

– Nålene på treet kan også verte opp til tretti år gamle før dei vert bytta ut. Til samanlikning går det om lag sju år mellom kvar gong andre grantre byter nåler, seier Armitage.

– Kjem det konglar neste år også?

– På generell basis vil dei fleste tre som har energimessig kostbare frø, ikkje produsere fullverdige, levedyktige frø kvart år. Truleg går det i ein syklus.

Armitage seier apeskrekk er eit tre som finst i ein del hagar i Ålesund.

– Frå seint åttital og utover, var ein apeskrekk tingen å ha. Det var eit stort eit i byparken, og då ville alle ha eit i hagen. Dei vart populære i Ålesund, på linje med at blodbøk også har vore eit motetre.