Etter litt over ein månad med graving, er området på Vallabøen knapt til å kjenne att. Entreprenøren K A Aurstad har gjort store framsteg med den fire hundre meter lange skredsikringsvollen.

– Vi er godt i gang med arbeidet. Det har vore litt stillstand no i ferietida, men vi har kome ganske langt med å få vekk skog, flise det som skal flisast, og fått avdekt og lagt til side matjord. No er vi i gang med å få på plass eit filtreringslag som ligg i botnen. Om det kjem eit sørpeskred, skal det drenerast ut der, seier adm.dir. Jo Stian Tverberg i K A Aurstad.

Intensiverer etter ferien

Det var etter ei vurdering gjort i 2011 at skredsikring av Vallabøen kom på dagsorden i Ørsta kommune. Rapporten konkluderte med at øvste del av bustadfeltet kunne vere utsett for skred. Det vart då vedteke å byggje ein voll som kan ta unna 333-årsskred – store skred som er rekna å kome tre gongar per tusen år.

Det er denne skredvollen som for alvor byrjar ta form i terrenget no.

Tverberg seier det har vore lite aktivitet i ferien, men til hausten skal arbeidet intensiverast.

– Vi har og hatt nokre prosjekt andre plassar som har kravd ein del folk, men etterpå skal dei flyttast over til å byggje skredvoll. Utover hausten vil ein sjå endringar ganske raskt, seier han. Og det går unna:

– Vi har utstyr som gjer veg i vellinga. Dette er ein typisk plass der ein kan setje inn grovt utstyr og få flytta masse effektivt. Vi har ikkje hatt nokon utfordringar, og eg tenkjer arbeidet skal gå ganske fint vidare framover.

Stor: Skredvollen på Vallabøen vert om lag fire hundre meter lang.

Vert ferdig i år

Planen er å verte ferdig i år, så då vil vollen vere klar til eventuelle skred i vinter. Som ein ser på bileta, er det snakk om grove dimensjonar på vollen.

– Han må nesten vere slik, for det er store krefter om det først tek laust i fjellet. Då må ein ha noko skikkeleg som tek i mot.

Prislappen på skredvollen er om lag 22 millionar kroner. NVE har dekt 80 prosent av kostnaden, medan kommunen og innbyggjarane i området må betale 4,5 millionar kroner. Kor stor eigendelen vert for grunneigarane står att å sjå.