Yr.no varslar kraftige regnbyger i Møre og Romsdal, onsdag.

Ørsta er ikkje noko unntak.

Meteorologane skriv dette i varselet:

- Onsdag ettermiddag og tidleg kveld er det fare for lokalt kraftige tordenbyger, 10-15 mm/1t. Dei kraftigaste bygene er venta i indre strok. Det er fare for overvatn i tettbygde område, lokale oversvømmingar, bekke- og elveløpsendringar, jord- og flaumskred der regnbygene treff. Vurder behov for førebyggjande tiltak.

Den lange tørkeperioden i Sør-Noreg har skapt problem for m.a. bøndene, som har fått dårlege avlingar.

Det har også herja skogbrannar fleire stader.

På Sunnmøre har det vore varsla stor skogbrannfare siste månaden.

Onsdag kjem regnet, om enn berre for ein kort periode. Dei påfølgande dagane er det meldt opphald.

Onsdag mellom klokka 12-18 melder Yr.no at det kan kome frå 4,8 - 21,4 mm nedbør.