Det har vore eit lynnedslag i ein trafo på Eikrem i Volda tysdag ettermiddag.

Klokka 16.00 twitra politiet: - Berknesvegen: Lynnedslag i trafo, opne flammar, fare for spreiing.

Då politiet kom til staden vart næraste hus evakuert grunna brannen, men det var ikkje behov for å evakuere eit større område.

Etter kort tid kom meldinga om at brannvesenet hadde kontroll på brannen.

Også ein annan trafo i området skal ha eksplodert, ifølgje naboar.

Det var under eit kort regnskyll tysdag ettermiddag at det også tora og lyna.

Fleire straumlause

Tussa melder klokka 16.50 at 140 kundar er straumlause etter brannen i trafoen.

- Det er spenning fram til Mork. Området rundt Morksenteret har fått att straumen, No er det 140 kundar som framleis er straumlause.

Dei første meldingane til Tussa om at straumen var vekke i området Egset-Mork-Alida kom klokka 15.52. Då var det 192 som var råka av straumbrotet.

Klokka 20:17 melder Mørenett at alle i området skal ha fått tilbake straumen.