Arild Stokke, som følgjer godt med på vêrstatistikkane, kan fortelje at det i juni i år kom 93,6 mm nedbør. Ein tredjedel av dette (31 mm) kom tysdag 19. juni. Det var totalt 13 dagar med nedbør i juni, og totalen vart faktisk på normalen.

Mot slutten av månaden, og i nesten heile juli, har det derimot vore opphaldsvêr. Berre 4 mm har det regna til no i juli.

Tørt også før i tida

Til og med juni i år, har det til saman regna 512 mm i Ørsta. Historisk sett, har det vore tørrare. I 1972 hadde det på same tid kome 350 mm nedbør. I juli det året, kom det 40 mm nedbør.

I 1951 var talet 325 mm nedbør til og med juni, men då tok det seg kraftig opp att i juli – med 180 mm nedbør på ein månad.

Også i 1901, 1904 og 1937 var det tørre år, med høvesvis 495, 469 og 432 mm nedbør t.o.m. juni.

– Mange snakkar om at det i 1947 var så tørt, men det var det ikkje. Då kom det 486 mm nedbør til og med juni, så 132 mm i juli. Det var tørt, men ikkje ekstremt. Det tørraste det har vore i juni, var i 1933, då det berre regna 10 mm. Og i 1919 regna det 8 mm i heile juli, seier Stokke.