Laurdag opna sommarutstillinga, og Volda og Ørsta Kunstlag har fått med seg 12 lokale kunstnarar, i tillegg til nordfjordingen Jertrud Eikås, busett i Bergen.

– Det er stort å få stille ut på kunsthuset, seier Petra Overå.

– Det kjennest som eit stort steg å ta. Eg ser jo ikkje på meg sjølv som nokon profesjonell. Dette er ein fin hobby for meg, og eg har vore med på utstillingar tidlegare også, men dette er litt meir spesielt. Det er kjekt å få ein slik invitasjon, og få vere med på dette.

Spente: Petra Overå, Astri Schjelderup og Hilde Bjørndal gler seg over å få stille ut på kunsthuset.

Ho er med i måleklubben Fargeklatten i Volda, som vart starta av Astri Schjelderup. Også ho er ein av utstillarane på kunsthuset i sommar.

– Miljøet i klubben stimulerer. Vi er rundt 10 personar som møtast for å utveksle kunnskap og for å måle saman. Det er utruleg å sjå for ei utvikling fleire har hatt sidan dei starta, seier Schjelderup.

Klubben er for tida på leit etter nye lokale å vere i, men har planar om å halde det gåande også framover.

– Det hadde vore kjekt om enno fleire vart med. For meg betyr det mykje å få måle. Eg finn fred og ro i arbeidet, fortel ho.

Fullt hus under opninga laurdag. Foto: Janne-Marit Myklebust

For Rolf Vatn er det også første gong han stiller ut keramikken sin på kunsthuset, men også han har lang fartstid, og har stilt ut ved fleire høve tidlegare. For han var det i keramikken han fann si kunstform, og no har han også vorte meir fargeglad.

– Alt eg laga tidlegare var mørkeblått, fortel han, men kan denne gongen også vise fram friske grøne skåler og koppar.

– Alt er gjort på frihand. Så du finn ikkje to like koppar, fat eller skåler her, sjølv om dei ser like ut. Alt er unikt. Det er noko av det eg likar med keramikk.

Han kan bruke alt frå ei veke til fjorten dagar på å få ferdig enkelte ting. Det er ein tidkrevjande prosess, men det er ei kunstform Vatn trivst med.

Det var trongt om plassen under opninga på kunsthuset, til trass for at sola hadde jaga vekk skodda utandørs. Jonas Aarsheim Arnorson opna utstillinga med piano og song. Utstillinga er å sjå ut august.

Dei som stiller ut på kunsthuset er: Jertrud Eikås, Inger Øyehaug Aarflot, Kirsti Bjørneset Følsvik, Rolf Vatn, Eve Lis Eikrem, Hilde Bjørndal, Synneve Busengdal, Geir Grimstad, Oddvin Ose, Petra Overå, Astri Schjelderup, Tørris Stenersen og Roar Hagen.