Hagen stilte ut fleire teikningar/karikaturar på kunsthuset i Ørsta i denne perioden. Det vart selt 16 bilde til ein verdi av om lag 50.000 kroner, opplylser Volda og Ørsta Kunstlag.

I sommar er Hagen også ein del av Sommarutstillinga, saman med 12 andre kunstnarar, og det er difor framleis mogleg å ta noko av kunsten til Hagen i nærare augnesyn, enno ei tid.