Nordre Vartdal-kvinna var nemleg med då landets, og mest truleg verdas, eldste søskenflokk møttest til treff.

Åse er eit av 13 søsken som vaks opp på ein gard i Sortland, før, under og etter andre verdskrig. Alle er framleis i live. I løpet av hausten vil søskenflokken til saman vere 1.000 år. Det var i samband med det at ein av Åse Ingjerd sine brør tok initiativet til å samle søskena på garden sin i Åsen i Nord-Trøndelag. Ektefellar, barn, barnebarn og oldebarn var også med. Det gjorde at det var over 140 personar som var med på søskentreffet.

– Vi har alltid vore flinke til å halde kontakta sjølv om det er nokre år mellom enkelte av oss, og vi no bur spreidd over store delar av landet. Dei fleste av søskena mine kom til 70-årsdagen min i fjor, og det har vore godt oppmøte på andre åremålsdagar. Det var i fjor det kom ein førespurnad frå ein av brørne mine om vi skulle prøve å få til eit søskentreff til sommaren i samband med at den totale alderen på søskenflokken ville bli 1.00 i år, seier Åse Ingjerd.

Fulltalig søskenflokk

Initiativtakaren fekk eit rungande ja. I januar kom invitasjonen, og sidan har Åse Ingjerd hatt samlinga i tankane. Det har vore eit spenningsmoment om alle kunne kome. Det brann lenge eit blått lys for ein av dei eldste brørne. Han var så uheldig å brekke lårhalsen for seks veker sidan, men vart operert, plassert i ein rullestol og sendt frå Porsgrunn til Åsen. Dermed var det ein fulltalig søskenflokk som sjekka inn hos bror Terje Birger.

– Det er ikkje så veldig mange gonger vi har klart å samle alle søskena. Førre gong var i 2005 då vi hadde slektstreff på same stad. Det er over 22 års aldersforskjell på ho som er eldst og han som er yngst. Dei som har høgast alder i søskenflokken hadde flytta ut då dei yngste kom til verda. Men det har alltid vore eit sterkt samhald i søskenflokken og familien elles. Vi har hatt god kontakt, sjølv om vi er mange, seier Åse til Møre-Nytt.

Har berre gode minner

Åse, som var nummer ti i søskenflokken, har berre gode minne frå oppveksten i Vesterålen. Åse Ingjerd og dei 12 andre gjekk aldri svoltne til sengs. Foreldra sørga for at dei hadde nok mat. Mora var ofte aleine om ansvaret for ungane, då faren var vekke i lengre periodar. Dei eldste søskena vart lært opp til å ta ansvar allereie i ung alder. Tunset-familien var elles ei av dei første i Noreg som hadde vaskemaskin. Det vart ein betydeleg enklare kvardag for mora den dagen det kom vaskemaskin, innlagt vatn og straum til gards.

– Eg trur nok dessverre at dette var siste gong vi klarte å samle alle. Både eg og alle dei andre lever nok lenge på dette, sa ei nøgd Åse, som bruker telefonen jamt for å halde seg oppdatert om korleis det går med dei andre.

Ho har budd det meste av sitt vaksne liv på Søre Sunnmøre, og reknar seg difor like mykje som sunnmøring som nordlending, sjølv om det er i nord den joviale firebarnsmora har røtene sine.

STORT: Åse Ingjerd Tunset synest det var stort å treffe igjen alle søskena sine. Foto: Svein Halvor Moe Foto: Svein Halvor Moe