Målet er å få til medlemskveldar med ølsmaking og bryggekurs, seier Eirik Hoem, leiar for Ørsta og Volda Bryggarlaug.

I andre etasje i Strandgata, rett over Jernia-butikken, arbeider han og andre medlemmer med å rive vekk gamal moro og leggje til rette for ny. Publokalet har stått tomt sidan 2010, då Coyote Ugly var den siste leigetakaren. Før det, heldt SvalBar, Stjerna og Dublin Pub til der.

Dugnad: Medlemmene i Ørsta og Volda Bryggarlaug har det siste halvåret vore aktive med å pusse opp klubblokalet. Foto: Eirik Hoem

Faglege diskusjonar

No skal det altså få nytt liv som medlemslokale for Ørsta og Volda Bryggarlaug. Og det vert ikkje noko tull.

– Her skal det byggast ein skikkeleg bardisk med tappekraner, seier Eirik Hoem, og peikar på kvar han vil ha den.

Tomt: Her var ein gong Dublin Pub, og eit par andre. No skal ølbryggarar ha det som møteplass.

Deler av lokalet er allereie ferdig, og har vorte rett så bra. Når alt er ferdig, skal det nyttast til å utveksle ølsortar og plukke opp tips frå kvarandre. Det vert altså ikkje ein pub som er open for ålmenta, men for medlemmer som ønskjer faglege diskusjonar om bryggeteknikkar og prosessar.

– Om nokon som er interesserte i brygging vil verte medlemmer, er det berre å ta kontakt. Her er også plass for dei som enno ikkje har starta med det, men som vil lære korleis ein brygger. Det er også ope for dei som driv med siderbrygging, presiserer Hoem.

Møte: Ølbrygging er populært, og det er mange oppskrifter og smakar å dele og diskutere. Her frå eitt av medlemsmøta.

Aukande interesse

Heimebrygging har dei siste åra vorte ein stadig meir populær hobby.

– Det er fleire enn ein skulle tru som driv med ølbrygging. Det har vorte meir vanleg, med større variasjonar i smakane enn tidlegare, seier Hoem. Sjølv er han ein lidenskapeleg bryggar med oversikt over det meste av smakar, øltypar og bryggeutstyr.

Eiga ølbryggar-avdeling

Kring åtti personar står i medlemslistene, og i vår og sommar har mange av dei delteke på dugnad. Huseigar Harald Holvik synest det er greitt å få gjort noko nyttig med lokalet, som elles berre stod og støva ned. No vert det i god stand att, og kan leigast ut som selskapslokale når det ikkje vert brukt av bryggarlauget.

Samstundes har han oppretta ei eiga avdeling for ølbrygging i Jernia-butikken som han driv i etasjen under.

Ingrediensar: Harald Holvik har laga til ei eiga ølbryggar-avdeling på Jernia. Her kjem kundane innom med oppskriftene, så miksar han til det dei treng.

– Tidlegare selde eg berre nokre essensar og kraftgjær. Så kom eg i snakk med nokre som sa eg måtte byrje selje korn. Det hadde eg aldri fått førespurnad om tidlegare. Eg vart invitert med på ein kveld med dei som brygger, og dei ville ha alle moglege slags sortar korn. Eg var først redd eg ikkje kom til å verte kvitt alt om eg tok det inn, men det har berre balla på seg og auka på. Etter kvart har sortimentet vorte så stort at eg såg meg nøydd å utvide plassen i butikken, seier han. I dag har han fleire titals kornsortar, humle og malt i butikken. Kundane leverer frå seg ark med oppskrifter på, så miksar han saman kornblandingane dei treng for å brygge.

– Folk er nok leie av smaklaus pils. Brygger ein sjølv, får ein lage det som ein vil. Ein kan tilsetje nærast kva smakars som helst. I tillegg er det mykje billegare. Og ikkje minst er det sosialt. Ein ringjer gjerne til vener når ein skal brygge, så møtes ein for å hjelpe til og smake hos kvarandre, seier Holvik.

Utstyr

For å kome i gang med ølbrygging, held det i starten med enkelt utstyr, men det kan fort eskalere i takt med interessa.

– Ein ser ingen ende på kva ein kan kjøpe og bruke pengar på, fortel dei to bryggarane.

Ørsta og Volda Bryggarlaug heldt i mars meisterskap i brygging på kulturhuset i Ørsta. Der deltok tjue bryggarar med kring tretti ølsortar. Då fekk dei skryt frå dommarane av god gjennomføring og jamt over høg kvalitet på øla. Dette vert det reprise av neste år.

Kanskje vert det også ein mindre juleølfestival før jul, opplyser Hoem.