Kva er ein perfekt sommar for deg?

Ein perfekt sommar er å få vere heime på Sunnmøre og bade i sjøen, og berre vere saman med familien. I tillegg til å organisere festival. Dette er femte året vi arrangerer Indiefjord på Bjørke, og det er like stas kvart år.

Kvar går ferieturen?

Eg budde i England i ti år, så vanlegvis ville eg ha svart England, for å besøke vener og reise på festivalar, men i år er ferien min på Sunnmøre.

Kva er ditt beste sommarminne?

Det er den første festivalen vi organiserte på Bjørke. Då var det heitebølge og heilt magisk. Sidan det var første gongen var det også stort sett venene våre som var der og spelte. Så det vil alltid vere det ultimate sommarminnet: Heitebølge på Bjørke og vener som spelte gitar.

I barndomen var det mange turar til Bjørke, sidan far min er derifrå. No bur systera mi der, og mykje anna slekt.

Elles var det somrane på Haddal, gjerne nede i fjøra med storfamilien, og med slåttegraut på brygga.

Kva brukar du sommar- kvelden til?

I Oslo er eg gjerne ute og møter vener – og eg likar meg spesielt godt i området rundt Youngstorget. Sommarkvelden på Sunnmøre er på verandaen på Haddal med eit glas vin.

Kva er det optimale førstesideoppslaget i Møre-Nytt?

«Endå større kulturstøtte til festivalane i Møre og Romsdal». Det hadde vore fantastisk. Det kostar å lage festival på frivillig basis, men når det er sagt, så er det mange som er flinke til å støtte oss, og det er vi takksame for.

Kva er den beste sommar-maten?

Eg er vanlegvis ikkje så veldig glad i reker, men når det er sommar så er det reker og loff. Det må vere noko med sommarstemninga.

Kva gjer du når det høljar eller er syden-temperatur i Ørsta?

Når det høljar skulle eg gjerne sagt at eg slappar av med Netflix, men eg driv alltid med eit eller anna kreativt prosjekt, enten designprosjekt eller prosjekt knytt til musikk. I tillegg til å planlegge Indiefjord. Så regnvêr er flott, for då får eg arbeidsro. Er det sydentemperatur finn du meg nok i sjøen – badande, eller liggande på ei brygge i sjøkanten.