Seksjonsleiar Jan Erik Myhr i Statens vegvesen seier det er på grunn av færre tilsette at dei har sett seg nøydde til å stengje trafikkstasjonen i Ørsta i vekene 28–30. I tillegg stengjer stasjonane i Molde, Kristiansund og Sunndalsøra, men det vekslar på når dei einskilde stasjonane er sommarstengde. Akkurat no er det berre Ålesund og Kristiansund som held ope i fylket.

– Vi passar på at det ikkje vert for lang avstand for dei som må oppsøke ein trafikkstasjon, seier Myhr.

– Bruk digitale løysingar

Han fortel vidare at dei ønskjer at fleire skal ta i bruk digitale løysingar, framfor å fysisk oppsøke trafikkstasjonane, om det ikkje er naudsynt.

– Ein stor del av tenestene finst det digitale løysingar for, og vi arbeider med å få fleire. Målet er å få ein del av dagens publikum over på digitale løysingar. Vi ønskjer at folk skal over på det, i staden for å oppsøkje ein trafikkstasjon og stå i kø, seier Myhr.

Ventetid

Før stenginga var det ifølgje avisa Møre opp mot 50 minutt ventetid for å kome fram til skranken. Til dette, seier Myhr at det ikkje er uvanleg sommarstid.

– Om sommaren er det eit større behov for førarprøver enn elles i året. Alle trafikkstasjonar opplever då litt lenger ventetid enn det som er normalt.

– Trafikkstasjonen skal bestå

– Er sommarstenging del av ei utfasing av stasjonen?

– Nei, og det er det uansett ikkje eg som avgjer. Det er politiske mynde som avgjer slikt. Vi har stengt fordi vi har færre tilsette. Ørsta trafikkstasjon skal bestå vidare, seier Myhr.

– Om det viser seg å vere behov for fleire tilsette, vil de vurdere å trappe opp att?

– Nei, det har vi ingen moglegheiter til. Som alle andre statlege etatar, er vi bunde av effektivisering og bemanningstal. Då er det i så fall politiske vedtak som tilseier at eg får lov å gjere det. Men det er ingen signal om det akkurat no. Vi held oss til ei kvar tid til alle politiske vedtak frå dei som styrer landet, og må halde oss til det, seier Myhr.