Demonstrerer for akuttilbod

I morgon (laurdag) vert det demonstrasjon utanfor Volda sjukehus. Målet er å auke akuttberedskapen.

Demonstrantar: Elise Stokken, leiar for Volda og Ørsta SU og Victor Starheim, leiar for Møre og Romsdal SU skal demonstrere ved Volda sjukehus laurdag. I ryggen har dei SV-veteranane Stina Aasen Lødemel (nestleiar Ørsta SV), Magnar Hjertnæs (leiar Ørsta SV), og Aslaug Marit Øyehaug.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Det er Sosialistisk Ungdom som står bak demonstrasjonen. Ideen kom etter at stortingsrepresentant Nicholas Wilkinson vitja sjukehuset under Pride-festen i Volda. Han vart då informert om at det ikkje er gastrokirurgi og blautdelskirurgi i helgane.

Ikkje ei politisk avgjersle

Stortingsrepresentanten tok kontakt med helseminister Bent Høie og spurte om ikkje tilbodet kunne utvidast til å gjelde heile veka.

– Når det gjeld ei eventuell utviding av dagens akuttilbod i Volda, må dette vurderast av Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Norge som har sørge-for ansvaret, var konklusjonen til Høie.

– Då vi fekk høyre dette, bestemte vi oss for å fremje saka lokalt, fortel initiativtakarane Victor Starheim, leiar for Møre og Romsdal SU, og Elise Stokken, leiar for Volda og Ørsta SU.

Dei to har vore i kontakt med fyrsterepresentant Yvonne Vold i Møre og Romsdal SV. Ho har vidare teke opp saka for fylkestingsgruppa.

– Misser den politiske styringa

Starheim og Stokken er ikkje nøgde med at ansvaret for tenestetilbodet ved sjukehuset ikkje er ei politisk sak.

– Med denne føretaksmodellen, der sakene går rett til helseføretaka, gir folkevalde politikarar frå seg eit ansvar, og misser den politiske styringa. Dette handlar om demokratiske rettar, seier Elise Stokken.

Stille demonstrasjon

På laurdag skal dei altså demonstrere utanfor sjukehuset. Demonstrasjonen vert stille, av omsyn til pasientane, men det vert halde eit par appellar. M.a. får dei besøk av ein representant frå Sogn og Fjordane SU.

– Alle skal ha same rettane, uansett kvar dei bur. Vi vil fortelje at dette er eit problem, også fleire andre stader i landet. Det er på tide å setje foten ned, seier Starheim.