Det er Bergens Tidende og VG som skriv dette.

Ifølgje avisene var Sand på veg opp Stoltzekleiven ein måndag i juni då ho plutseleg fall om med hjartestans. Ho var på ferie i Bergen saman med ektemannen Tommy.

- Ho fekk hjartestans. Ho vart blå i andletet. Det var berre tilfeldig at eg var der, og det er sjølvsagt ein fordel at eg kan førstehjelp. Ei anna kvinne som også var der, fekk tilkalla luftambulanse. Då dei kom hadde den danske kvinna fått pulsen tilbake, men var framleis medvitslaus, seier Brann-trenaren til VG.

Lars Arne Nilsen er tidlegare trenar for Volda, Ørsta og Hødd, og er no hovudtrenar i Brann.

Nilsen hadde passert paret på veg opp dei nesten 800 trappetrinna.

Ektemannen til Lene fortel at kona fall og og besvimte undervegs, men at han fekk henne med seg til toppen, der Nilsen var.

Historia enda til slutt bra, og Nilsen møtte paret eit par dagar seinare, der han fekk stor takk frå den danske kvinna og ektemannen.

- Det vart eit sterkt møte, og det er mogleg eg skal til Danmark å besøke dei, seier Nilsen til VG.