– Vi må nok gjere nokre tilpassingar, for det er ingen som kan greie seg med ein tredjedel mindre mat, seier Bornstein.

Han har ikkje fått summert opp resultatet av slåtten heilt enno, men estimerer at dei vil ende med 1/3 til 1/4 mindre resultat enn i eit normalår.

– Kva inneber tilpassingane?

– Det vil seie at vi slaktar kjøtproduksjonen tidlegare. Sidan vi driv økologisk drift på Åmås Samdrift, kan vi ikkje berre auke med kraftfôr. Vi må redusere kjøtproduksjonen vår. Men vi veit ikkje før i september korleis det kjem til å verte, seier Bornstein.

For dyrt å kjøpe

Han merkar at talet på rundballar er redusert i år, men likevel inneheld dei meir fôr enn normalt, sidan graset er så tørt.

– Er det råd å få kjøpt fôr frå andre?

– Det er fole vanskeleg. Det ein kanskje kan greie å få tak i, vert så dyrt at det ikkje vert lønsamt å drive produksjon på den måten.