Tysdag 26. juni vart skissene til nye Volda kulturhus presentert for formannskapet. Byggjenemnda kunne då endeleg avsløre korleis dei ser føre seg ei oppgradering av eksisterande bygningsmasse, i tillegg til eit stort nybygg på nordaustsida (baksida) av dagens samfunnshus.

Arbeidsgruppa har henta inspirasjon frå Ulstein Arena og konserthuset/kinoen i Fosnavåg.

Torsdag denne veka la Nordplan fram ei ny skisse med fleire detaljar. På biletet ser ein det som kan verte inngangspartiet med vestibyle, og det nye biblioteket i Volda.

Kva som skjer vidare med planane, skal politikarane ta stilling til etter sommaren.

Les også: Dette kan verte nytt kulturhus