Nabokonfliktar, familiekonfliktar og økonomiske tvistar er typiske sivile saker som vert mekla i konfliktrådet.

Helgebråk, høge tre som skuggar for sola, hundehald og oppsetting av gjerde i nabogrensa er typiske nabokonfliktar som vert tilvist til konfliktrådet.

– Publikum kan ta direkte kontakt med konfliktrådet for å få hjelp i sin situasjon. Dersom partane i konflikten samtykker til det, kan konfliktrådet legge til rette for møte som vert leia av upartisk meklar. Gjennom meklingsmøte får partane hjelp til sjølve å finne fram til gode løysingar, og ein kan få hjelp til å gjenopprette mellommenneskelege relasjonar, opplyser leiar Kjartan Skotte i Konfliktrådet på Sunnmøre i ei pressemelding.

Konfliktråd er ei gratis statleg teneste.

– I sivile saker kan dette vere eit godt alternativ til ein økonomisk belastande prosess i retten.

Nedgang i tilvisingar

Det har blitt tilvist totalt 111 saker til Konfliktrådet på Sunnmøre hittil i år, noko som er seks færre saker enn på same tid i fjor. Sakene fordeler seg på 62 straffesaker, 43 sivile saker og seks saker til ungdomsoppfølging.

– Det har vore ein reduksjon i tilviste straffesaker, frå 86 saker første halvår i fjor til 62 saker hittil i år. Som tidlegare er det flest valdssaker som vert tilvist av påtalejuristane på Sunnmøre.

Stor del valdssaker

Hittil i år er det tilvist 28 valdssaker, og sakskategorien utgjer no 45 prosent av tilviste straffesaker. I tillegg er truslar, krenkingar, skadeverk og naskerisaker eksempel på sakstypar som er representert på statistikken.

Sidan juli 2014 kan ungdom mellom 15 og 18 år som har gjort lovbrot og treng tett oppfølging over tid, verte dømde til ungdomsoppfølging eller ungdomsstraff. Hittil i år har seks ungdomar på Sunnmøre vorte overført til ungdomsoppfølging, mot tre personar på same tid i fjor.

På landsplan viser tala at Konfliktråda har teke imot 4100 saker hittil i år, noko som er omtrent på same nivå som i fjor (4115 saker). Sivile saker har auka med 12 prosent, noko som betyr at fleire oppdagar konfliktrådet som ein nyttig meklingsinstans for ulike konfliktar.