Vikebladet Vestposten: Det viser tal henta inn frå ATK-senteret i politiet og Utrykkingspolitiet. Automatisk trafikkontroll, ATK, er eit samarbeid mellom Statens vegvesen og politiet. Vegvesenet har ansvar for oppsett, drift og vedlikehald, medan politiet skriv ut bøter og inndreg førarkort.

For eit år sidan avslørte Vikebladet Vestposten at fotoboksane i tunnelen hadde vore ute av drift sidan våren 2015. Statens vegvesen hadde då ikkje gitt beskjed til politiet.

Målinga vart ikkje ordna før i år, etter å ha vore ute av drift i nesten tre år. Det er 80-sone i heile den undersjøiske tunnelen, og det er såkalla strekningsmåling, eller gjennomsnittsmåling.

To førarkort

Tala for første halvår viser at 223 bilistar allereie har godteke å betale bot, eller forenkla forelegg, for å ha køyrt fortare enn fartsgrensa. I tillegg kjem 75 saker som enno ikkje er avslutta, mellom anna fordi bilførarar ikkje har svart politiet om dei godtek bot eller ikkje.

To bilførarar har fått førarkortet beslagslagt. Den eine køyrde i 125 kilometer i timen klokka 01:59 laurdag 7. april, viser informasjonen frå fotoboksane. Den andre som fekk førarkortet inndrege, passerte fartsmålinga i 118 kilometer i timen.

I tillegg er sju andre sjåførar melde til politiet. Sakene deira er framleis under etterforsking.

31 ikkje-skandinaviske bilar, som er knipsa i fartsmålinga, er ikkje med i statistikken. Det er heller ikkje utrykkingskøyretøy.

Tala viser at 288.886 bilar er kontrollerte i Eiksundtunnelen i år, og at den totale bøtesummen er 580.100 kroner.

Dersom ein summerer dei som har godteke bot, dei som vert etterforska og sakene som enno ikkje er avgjort, blir talet 307. Det gir ein såkalla reaksjonsprosent på 0,13.

Ifølgje Utrykkingspolitiet var reaksjonsprosenten på landsbasis i fjor på 0,05. Og i 2014, som var sist målinga i Eiksundtunnelen fungerte, var reaksjonsprosenten der på 0,07 prosent.

Det betyr at ein større del av bilistane vert tekne for høg fart i Eiksundtunnelen første halvår i år, enn det som var gjennomsnittet blant alle fotoboksane i Noreg i fjor.