Til sjukehus etter bilkrasj

Ein person krasja tysdag kveld i Eiksundtunnelen

Eiksundtunnelen vart stengd etter bilkrasjen tysdag kveld. Arkivfoto.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Det var i 23-tida ulukka skjedde. Bilen køyrde inn i tunnelveggen i botnen av Eiksundtunnelen. Føraren skal ha kome seg ut av bilen etter krasjen, og fekk hjelp av folk som kom til staden. Tunnelen vart stengt medan naudetatane rykka ut. Bilføraren var medviten, men klaga over smerter i hovudet då han vart frakta til Volda sjukehus med ambulanse.

Saka vert etterforska av politiet.