Her vert det synfaring

– Månadens gladmelding.

Åmdalen: Fylkestrafikktryggingsutvalet melder at dei kjem til Ørsta og Åmdal for å halde møte og synfaring, 21. august. Arkiv 

Nyheiter

Det seier ein nøgd ordførar, Stein Aam etter at han er gjort kjent med at Fylkestrafikktryggingsutvalet har valt å legge neste møte, 21. august, til Ørsta.

I planen ligg det også inne ei synfaring i Åmdalen, der det lenge har vorte kjempa for å få på plass gangfelt.

Og gangveg skal det verte. Tidlegare i år løyvde Statens vegvesen 460.000 kroner til realisering av gang- og sykkelveg ved Dalane sksule.

Midlane vert løyvde over statsbudsjettet for å bidra til raskare gjennomføring av tiltak som aukar framkommelegheita for gåande og syklande gjennom å stimulere kommunar og fylkeskommunar til å prioritere tiltak for auka sykkelbruk.