Dagens kontrakt går ut i 31. desember 2019, og ny kontrakt vil gjelde frå 1. januar 2020 og fram til 31. desember 2033.

Investeringar på land

Møre og Romsdal fylkeskommune skal ruste opp kaianlegga knytt til Eidsdal-Linge slik at dei kan bli trafikkert av større ferjer. Kaianlegga er i dag små og har avgrensa levetid. Nye kaianlegg skal vere klar til å ta i mot større ferjer frå og med 2024

Betre tilbod på Eidsdalen-Linge

Kapasiteten i ferjetilbodet knytt til at Eidsdal-Linge blir styrka i sommarsesongen. Det er krav om at det skal bli satt inn heilt nye og større ferjer på sambanda Eidsdal-Linge og Stranda-Liabygda, frå og med 2024. Frå dette tidspunktet er kaiene i sambandet Eidsdal-Linge bygd om til å kunne ta imot større ferjer.

Pressa økonomi krev gode løysingar

Møre og Romsdal fylkeskommune har ein svært pressa økonomi i åra framover. –Det er derfor svært viktig at det er god konkurranse om kontraktane framover dersom fylkeskommunen skal kunne realisere gode løysingar innan ferjedrifta, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.

Frist for innlevering av tilbod er sett til 24. september 2018.