– Kva er ein perfekt sommar for deg?

– Det er å få ei veke i Røros/Femunden-området med godt vêr og fiske. Dette har blitt ein tradisjon, og i år er det fjerde året. Minstetausa har òg fått sin eigen tradisjon som budeie på ei sæter i Vingelen same veka. Elles er det kort veg til hytta vår på Straumshamn. Der finn eg roa ved naustveggen.

– Kvar går ferieturen?

– I år går den til ei lita fiskebu på fjellet i Røros kommune i lag med Stig og kvalpen Bono. Seinare skal eg òg jentene mine ein tur til Oslo på konsert. Resten av tida, blir vi på Straumshamn.

– Kva er ditt beste sommarminne?

– Det er vanskeleg å velje. Eg har det alltid bra!

– Viss du skulle hatt ein annan jobb om sommaren, kva hadde det vore?

– No jobbar eg i skulen, så eg klagar ikkje. Men eg kunne godt ha tenkt meg å jobba som fyrvaktar. Synd alle fyra er automatiserte og avfolka no.

– Kva brukar du sommar- kvelden til?

– Sommarkveldane blir brukt til litt av kvart, alt etter vêret. Om det er finvêr er eg stort sett ute. I styggevêr malar eg eller sett på ein serie.

– Kva er det optimale første-sideoppslaget i Møre-Nytt?

– Det optimale førstesideoppslaget i Møre-Nytt må vere «Luftkjølt Laurdag har vekse seg til det beste VW-treffet i landet». Eg, Trygve Hovdenakk og Pål Andre Lillebø har mange planar på lur.

– Kva er den beste sommar-maten?

– Eg er glad i all mat, men krabber og reker er nok ein favoritt denne årstida.

– Kva gjer du når det høljar eller er syden-temperatur i Ørsta?

– Då er eg ute, eller malar og ser seriar. Alt etter kva vêr det er.