Det var i 16.30-tida ulykka skjedde på vegen rett ved Vartdal Fiskeoppdrett på Vartdal. Ein mann i slutten av tenåra på lett motorsykkel køyrde då inn i bakenden på ein bil som heldt låg fart, opplyser politiet sin operasjonssentral. Det vart først varsla om at det var snakk om ein sykkel, men seinare presisert at det var ein motorsykkel.

Det vart rykka ut med alle naudetatar, og det vart rekvirert Super Puma-helikopter frå Florø. Mannen vart frakta til sjukehuset i Ålesund med helikopteret. Ifølge politiet var mannen medviten etter ulykka, men skadeomfanget er ukjent.

Politiet kjem til å opprette sak og etterforske ulykka.