Slottet er tilbakehaldne med opplysningar.

- Vi vil ikkje gi nokon kommentar utover at kongeskipet er på privat tokt, seier assisterande kommunikasjonssjef Sven Gj. Gjeruldsen.

Måndag låg skipet til kai ved Runde, der Dronning Sonja vitja fugleøya.

Natt til måndag ankra skipet ved Flatøya, og natt til tysdag ankra det altså ved Raudøya ytst i Ørstafjorden.

Tysdag var både kongen og dronninga observert.

Det vert også sagt at dronninga gjekk Skorgedalen frå Vartdal.

Tysdag kveld gjekk turen vidare til Noragnsfjorden for eit kort opphald på Øye, før det reiste vidare til Bjørke i Hjørundfjorden.

Kongeskipet "Norge" ved Raudøya. Foto: Jan Ove Raudøy

I helga var skipet i Nordfjord, og dronning Sonja deltok på markeringa av Bjørgvin bispedøme sin 950-årsdag, melder smp.no.

«Norge» er utstyrt med ein AIS-sendar, så du kan følgje skipet si rute t.d. på nettstaden Marinetraffic. Du kan også lese om historia til skipet her.