Ein betongpir som skal stikke 75 meter ut i sjøen, tilrettelegging for lading av elektriske ferjer, nytt venterom og eit parkområde, er noko av det som skal stå ferdig i slutten av neste år.

Pir: Den nye ferjekaia vil stikke langt ut i sjøen. På sørsida vil bilane køyre av og på, medan det på nordsida vil verte plass til ei ekstra ferje som ligg fortøydd.

70 millionar

Den gamle ferjekaia er i dårleg stand, så Statens vegvesen har sett det naudsynt å oppgradere henne til moderne standard. Oppdraget vart lyst ut i desember i fjor, og det var entreprenør K. Nordang AS som fekk tilslaget, med eit tilbod på 70 millionar kroner eks. mva. Grunnentreprenør for land- og fyllingsarbeidet er Volda Maskin AS.

Brådjupt

Når det gjeld framdrifta, går det etter planen, fortel prosjektleiar Olav Megrund i Statens vegvesen. Den største utfordringa har vore at det er ganske djupt utanfor Vikeneskaia. Sidan dei skal byggje ein pir som går langt ut, må dei påle ned på tretti meters djup ytst.

– Vanlegvis byggjast kaiene på skrå langs land, så ein kan leggje landstag som støtte mot trygg grunn. Sidan det her skal byggjast ein pir rett ut i sjøen, har det vore utfordrande. Det er veldig sjeldan vi har ferjekaier på så stort djup. Piren må også vere ein kraftig konstruksjon, for han skal tole 2.500 tonn med ferje som dultar borti. Då kan ikkje piren vere for stiv, elles knekk han. Han må fjøyre litt.

Kan nytte begge sider

På den eine sida av piren, kjem køyrebrua som vert tolv meter brei og atten meter lang. På den andre sida, vert det plass til å fortøye ei ferje som t.d. kan ligge i beredskap.

På land skal det også gjerast ein del. Det gamle venterommet skal rivast, og det skal byggjast eit nytt. Samstundes skal det plantast og opparbeidast eit nærmast park-aktig område som heng saman med strandpromenaden. Det skal murast natursteinsmur og byggjast ei lita trekai.

– Det skal verte litt hyggjeleg i området når det vert ferdig, lovar Megrund.

Park: I hjørnet innanfor kaia skal det byggjast nytt venterom og opparbeidast eit parkliknande område med trekai.

Rask utvikling

Når den nye ferjekaia står ferdig, vert ho berekna for el-ferjer. Det er reiarlaget som skal drive sambandet dei neste ti åra som vert ansvarleg for å byggje el-system og ladeløysing for ferjene som skal gå over fjorden.

Megrund seier det er ei rivande utvikling i teknologien innan lading, batteri og betalingsløysingar.

– Det går svært fort. Den teknologien som vart teken i bruk for nokre år sidan, har allereie utvikla seg mykje. Særleg dei som sel batteri er innovative. Energitettleiken aukar, så både volum og vekt vert mindre. I framtida kjem dette til å ta heilt av, trur prosjektleiaren.

Målet er at infrastrukturen for lading skal vere ferdig samstundes med kaia. Men uansett om det vert forseinkingar, slik det ligg an til på sambandet Hareid–Sulesund, vil det verte mogleg å drive ferjene med fossilt brennstoff i mellomtida.

– Vi skal i alle fall gjere vårt for at ferjene skal gå på straum frå første dag, seier han.

Frist for ferdigstilling av ferjekaia, er 1. november 2019.

Redusert kapasitet

I byggjeperioden er deler av ferjekaia stengt av, så det er redusert kapasitet i køfilene. Til no har det gått greitt, men det kan hende det vert vanskar seinare i sommar.

– Statistisk sett er det i august det er mest trafikk. Korkar det seg, får vi ikkje tømt ferja eller fylt på nye bilar. Då vert det kork heilt ut på E39.

– Så får vi ei utfordring nokre netter i haust når Rotsethorntunnelen skal stengjast om nettene. Vi arbeider i hovudsak på dagtid på ferjekaia, men nokre pælar må slåast ned om natta når ferja ikkje er der. Då må vi prøve å koordinere dette med tunnelarbeidet.