Cruiset er arrangert i samarbeid med Trandalblues og Christian Gaard, og tek gjestane med på eit storslått cruise i Hjørundfjorden før festivalstart.

På båten var det rigga opp ein liten scenekrok, der det var framført live musikk heile turen. Mannen som spelte har eit passande kallenamn.

– Eg heiter Harrie Te Wierik, men alle kallar meg Mozart. Eg spelar all slags musikk, men i dag går det spesielt i blues.

Mozart er frå Nederland, og har med seg Erik Stemerdink. Dei to kjem til Sæbø kvart år for laksefiske, og det har dei gjort i høvesvis 30 og 35 år. Mozart spelar musikk på campingplassen, og i år har han også fått i oppdrag å underhalde på bluescruise.

–Det var ein vakker augneblink då vi kom til Trandal med cruiset i går, og det vil bli endå betre i dag med det gode vêret, seier ein begeistra Stemerdink.

Trass i det gode vêret var det få gjestar på båten laurdag. Dei som var med oppmoda fleire til å nytte tilbod som dette.

– Flott vêr og flotte omgivnadar, verkeleg ein god start på Trandalblues. Dette er eit kjempeinitiativ, men folk må ikkje gløyme å nytte seg av slike tilbod.

Det seier Helge Tofte, Svanhild Yksnøy, Per-Ola Blomvik og Mari-Ann Folkedal.

Roy Lillebø, ein av eigarane av båten, fortel at dei var på nippet til å avlyse cruiset då det var få påmelde, men då dei såg vêrmeldingane for dagen kunne dei ikkje la vere å køyre likevel.

– Det er jo ein heilt fantastisk fjord, og i dag er det som å sigle i eit postkort.

Turen gjekk frå Sæbø, forbi Skår og Finnes, så snudde båten på Bjørke og gjekk ut igjen forbi Leira og Viddal og til Trandal.

– Vi har eit tilbod om å frakte folk til Trandal på ein litt meir spektakulær måte. Denne turen tek rett nok to timar og 45 minutt, samanlikna med 10 minutt med hurtigbåt, men me serverer både fiskesuppe og god stemning, seier Lillebø.

Han satsar på bluescruise også neste år, og kanskje får dei til ein tur til countryfestivalen og, utan at han vil love for mykje.