Leiar for Ørsta Næringskontor, Odd Magne Vinjevoll, fryktar ikkje for turismesatsinga i Hjørundfjorden etter at det vart klart at Bjørke og Viddal går over til nye Volda kommune frå 2020, men, seier han, Volda må ikkje sove i timen.

– Vi har utvikla ein Masterplan i Ørsta, som handlar om satsinga på turistnæringa. Noko av det grunnleggjande i den planen er at vi skal samarbeide, uansett kommunegrense. Vi ligg midt i smørauget om vi ser aksen frå Runde til Geiranger. At Bjørke no vert del av ein annan kommune enn Ørsta er eigentleg ikkje tema. Vi må samarbeide uansett. Om vi ikkje skulle gjere det, skyt vi oss sjølve i foten, så her må Volda kome på bana. I dag verkar reiseliv og turisme å vere eit ikkje-tema der.

Odd Magne Vinjevoll. Foto: Janne-Marit Myklebust

Vinjevoll seier at det handlar om alle små og store aktørar som er avhengige av samarbeid om dei skal kunne satse vidare.

–Små aktørar er avhengige av å kunne vekse ved å ha eit publikum å tilby sine tenester til, og store aktørar treng volum. At Hjørundfjorden no vert delt mellom to kommunar er ikkje til hinder for utvikling av turisme. Om det heiter Volda eller Herøy eller Stranda, så handlar det om samarbeid.

Personleg meiner han også at grensejusteringa kjem for tidleg.

– Det er både klønete og lite framtidsretta av Kommunal- og moderniseringsdepartementet når vi ser korleis Ørsta og Volda nærmar seg kvarandre. Grensejusteringa vert eit uromoment i denne prosessen. Dei burde sette seg inn i kva som skjer i lokalsamfunna. Eg meiner dette har skjedd i feil rekkefølge.