Der var godt over 200 korps med små og store musikantar frå heile landet samla til rekordfestival i ein strålande flott bukett. I år er det hundreårsjubileum for Norges Musikkorps Forbund (NMF), og dermed musikkorpsa sitt år. Denne festivalen var hovudarrangementet av den storslåtte bursdagsfeiringa som vert feira i heile 2018. Arrangementet vart lagt til Bergen fordi det er der musikkorpsforbundet har sitt hovudsete.

Vår tropp slo på stortromma i år, og innlosjerte oss på hotell midt i byen slik vi skulle vere sikre på at vi skulle få med oss mest mogleg av stemninga under festivalen. Både på Magic hotell Korskirken og defilerande i bybiletet storkosa vi oss. Vi meiner sjølve at vi var gode ambassadørar som representerte kommunen vår på ein solid og god måte!

Mingla med dei store stjernene

I tillegg til å gjere eigen konsert på Tårnplassen og delta i taktfast parade i samband med «Jubileumsklangen» fekk vi atter ein gong herje på gehør i lag med våre eigne store – nemleg The Brazz Brothers! Det var sjølvsagt like bra som det alltid brukar å vere. Etter så mange gjeve møter med desse karane siste åra kjenner vi oss liksom litt meir enn «berre på hels» no.

Seminar: Dei yngste på seminar med The Brazz Brothers.

Nokre andre «kjenningar» synte også stor glede av å treffe oss ... Vi kan nemne H.M Kongens Garde, Ole Edvard Antonsen og Marcus Bailey.

Byen var proppfull av konsertar under heile festivalen,- og kvar ein enn snudde seg vrimla det i eit yrande flott folkeliv! Vi fekk mingle med artsfrendar i rikt monn, og fekk oppleve masse. Det aller gjævaste var nok likevel stemninga under Tattoo på Fana stadion der m.a. vår eigen gardemusikk deltok. At troppen vår hadde med seg to tidlegare gardistar gjorde det litt ekstra staseleg,- og så klart fekk vi snappa opp eitt og anna nytt triks!

Oppmarsj: Klar til oppmarsj frå Festplassen i Bergen.

Fri flyt til å utforske byen

Som vanleg når Vartdalsstrandingane er på tur ser dei sitt snitt å bruke litt av tida til å utforske området. Til dei fleste si store lukke fekk ein også i år høve til å forske litt på eiga hand. Nokre valde å sjekke trykket kring Torgallmenningen med konsertar, medan ei anna gruppe gjekk inn for ein dukkert i varmen. Fleire var også både vel og lenge i «det glade handleriket». Men den største gjengen var nok likevel dei som nytta dagen på «Vil vite-senteret», etterfylgt av ein svipptur med Fløybanen. Utruleg kva Bergensbyen kunne by på av freistingar altså.

Lykke: Korpslykke på Torgalmenningen.

Takk til alle som støttar korpsarbeidet

Korpsmusikantane på Vartdalsstranda har fått høve til å reise på mange flotte korpsturar,- og denne turen føyer seg greitt inn i rekka av gode opplevingar. Korpset har mange å takke for at vi får høve til å delta på så mange kjekke ting. Vil derfor med dette nytte høvet til å takke alle og einkvar som har støtta oss på ulike vis gjennom korpsåret. All type støtte er gull verdt for at vi skal greie å halde hjula i gang ...

Tusen, tusen takk! Ha ein retteleg glad sommar!