Han treng ikkje vente så lenge med å få seie desse orda, ordføraren i Hornindal. Frå 2020 vert Stig Olav Lødemel (41) og hans nesten 1.200 sambygdingar del av nye Volda kommune. Ordføraren såg ikkje den kome.

– Eg var rimeleg trygg på at vi ikkje ville gå ut av denne valperioden som eigen kommune. Men at det vart Volda låg ikkje i korta. Det var i alle fall ikkje det mest opplagde valet, all den tid vi har Stryn som næraste nabo.

Sårbart

Å gjere nordfjordingar til sunnmøringar er ikkje gjort med eit knips. Men no er dei på god veg. Lødemel er leiar for fellesnemnda for nye Volda kommune, og har også eit stort ønske om å få vere ordførar i den nye kommunen. Han er Høgre sin ordførarkandidat.

– Eg har eit sterkt ønske om å lykkast med prosjektet som vi har starta på. Eg ser det i eit seksårsperspektiv der vi no er inne i ein toårs planleggingsfase, og skal inn i ein fireårs gjennomføringsfase. For meg handlar dette om å rigge Hornindal og nye Volda for framtida. Vi må tenke 15–20 år framover, og legge alt som har vore, bak oss. Hornindal som eigen kommune er ikkje realistisk. Vi er rett og slett for små, så små at på ein del fagområde vil det einaste fagmiljøet tilsette ser, vere når dei ser seg sjølv i spegelen. Då vert det sårbart. For sårbart.

Rådhuset: Ordførar Stig Olav Lødemel har i dag kontor i øvste etasje på rådhuset Smia (bakgrunnen) i Hornindal. I framtida håper han på ordførarjobben i nye Volda kommune.

Honndøl

Han kallar seg «ekte honndøl». Oppvaksen og busett i heimbygda med kone og tre barn i alderen 16, 14 og 11 år. Familien har ominnreia ein gammal skule til bustadhus. Her gjekk far til Stig Olav Lødemel på skule, og han sjølv i barnehage i si tid. Når han ikkje er ordførar går han gjerne på jakt etter storvilt, eller trenar med sine to ettersøkshundar. Elles handlar mykje i kvardagen om å følge opp ein aktiv familie med aktivitetar som fotball, friidrett og alpint. Arbeidskapasiteten er stor. Han er utdanna elektroinstallatør, og har fleire år bak seg i Tussa. No driv han også eige elektrofirma med tilsette elektrikarar, og han er også medeigar i eit eigedomsselskap som dei siste seks åra har ført opp 29 nye leilegheiter i Hornindal. Han er brannmann og røykdykkar. Og så er han ordførar i 80 prosent stilling.

– Eg bruker å seie at eg jobbar langt over 100 prosent, men får betalt for 80. Det er ikkje pengar som er drivkrafta, men ønsket om at vi skal ha det godt, alle som ein. Eg er ein samfunnsengasjert type.

Hornindal med makta

No har Hornindal inngått ekteskapspakt med Volda, ein kommune som er åtte gongar større enn veslebroren, men Lødemel skildrar ein storebror som viser stor respekt.

– Eg vil skryte av Volda. I denne prosessen har eg vore oppteken av likeverd, og at folket og kommunane skal likebehandle kvarandre. Det har vore ei glede å oppleve at sjølv om Volda er åtte gongar større enn oss, aksepterte dei at begge kommunane har like mange medlemmer i fellesnemnda, som sit med det same mandatet som eit kommunestyre. Som leiar har eg også dobbeltrøyst, så eigentleg sit Hornindal med makta fram mot 2020. Men eg har ingen planar om å bruke dobbeltstemma mi. Vi har som mål å vere samde, og førebels har prosessen vore veldig god.

Volda

Valet falt altså på Volda i nord, og ikkje Stryn i sør, sjølv om det var like før.

Det starta med samtalar mellom Ørsta, Volda, Hornindal og Stryn. Ørsta var tidleg ute av dansen, og dei tre andre kommunane skreiv ein intensjonsavtale om samanslåing. Men i Stryn fekk dei ikkje folket med seg. Dermed stod Volda og Hornindal att aleine.

– Kvivsvegen er berre seks år gammal, så det seier seg sjølv at det er Stryn vi har samarbeidd mest med historisk sett. Mellom anna gjennom interkommunale tenester som NoMil (reinhaldsverk), legevakt og helsetenester ved Eid sjukehus, og også om reiseliv. No er det naturleg for oss å avslutte nokre av desse avtalane og inngå avtalar med Volda. Det seier seg sjølv at Volda og Ørsta reinhaldsverk ville slite om dei misser Volda, medan NoMil klarer seg godt utan vesle Hornindal.

Når det gjeld legevakta er også det eit av kronargumenta for at Hornindal ønskjer å gå nordover.

– Legevakta i seg sjølv skal vi ikkje kritisere, men det er eit kjempeproblem for oss at vi ikkje får reise til Volda med sjukebil ved akutte tilfelle. Då går vegen to timar til Førde. Der er fleire grelle eksempel på at dette vert praktisert, mellom anna etter alvorlege ulykker i skianlegget vårt.

Storkommune

Men historie er historie. Lødemel oppmodar fleire om å sjå på vegen som ligg framføre.

– Eg har heile tida sagt at eg ikkje gjer dette for morgondagen. Vi må sjå lenger fram. Dette er samfunnsmessige endringar vi ikkje klarer å stoppe, sjølv om mange seier noko anna. Personleg har eg vore blant dei som kanskje ser litt for stort på ting. Som ordførar i Hornindal har eg heile tida meint at den mest ideelle løysinga vil vere Stranda, Ørsta, Volda, Hornindal og Stryn saman, og gjerne også Sykkylven om det let seg gjere. Då vil vi vere så store og slagkraftige at vi ville vorte den største reiselivskommunen i Noreg, vi ville vore ekstremt sterke på industri og landbruk og offentleg- og privat næringsliv. Men så registrerer eg at eg er litt tidleg ute med desse tankane. Kanskje kan ei større samanslåing på Søre Sunnmøre vere meir aktuelt. Men eg har sagt at Hornindal og Volda er eit lite steg på vegen mot noko større, og så må vi sjølvsagt ta omsyn til folkeviljen.

Og der var vi inne på Ørsta og Volda, som begge sa nei til kvarandre.

– Eg har gått i baret nokre gonger. Eg er blant dei som har meint at Ørsta og Volda må vere dei mest openberre kommunane for samanslåing, i heile Noreg. Men det var før eg lærte meg historia. Men sett utanfrå står det fram som ein kommune med to kommunestyre.

Han vil trakke forsiktig i bedet i den saka. Han har forstått at ørstingar og voldingar er gode på samarbeid, men at dei ikkje vil vere saman. I alle fall ikkje enno. Men no er det også ein heilt ny situasjon, der Bjørke og Viddal vert grensejustert og går inn i nye Volda kommune frå 2020.

– Eg veit at her er det sterke kjensler i sving. Men eg legg heller ikkje skjul på at den geografiske plasseringa til Bjørke og Viddal i nye Volda er slik at dei som bur i desse områda i stor grad lever i Volda og leverer si demokratiske stemme til Ørsta. Det er ikkje råd å ikkje legge merke til dette.

Han dreg parallellar til det som skjedde i Hornindal i 1965. Bygdene Navelsaker og Heggjabygda låg i Hornindal kommune, ved Hornindalsvatnet. Så nært at du kan sjå bygdene med eige augesyn frå vasskanten i sentrum av Grodås. Men det er nye tider. Sjøvegen er ikkje lenger den viktigaste samferdselsåra.

Hornindalsvatnet: Europas djupast innsjø. Også her er det bygder langs vatnet som opphavleg tilhøyrde Hornindal kommune, men som no er del av Eid kommune, grunna nye samferdselsårer. – Sjøvegen er erstatta av bilveg, seier Stig Olav Lødemel, og dreg parallellar til Bjørke/Viddal.

– Det ville vore like vanskeleg for Hornindal å levere tenester til desse bygdene, som det er for Ørsta å levere tenester til Bjørke og Viddal. Navelsaker og Heggjabygda vart grensejustert til Eid kommune. Det var det einaste rette, sjølv om folket der, i alle fall den eldre generasjonen, såg på seg sjølve som honndølar. Men det er det same som vil skje no, for oss som bur her. Vi endrar ikkje identitet sjølv om vi endrar kommune.

Samarbeid

Lødemel er oppteken av at utkantane skal med, utan at han på nokon måte vil svekke sentrum. Han held fram sjukehuset og høgskulen som særdeles viktige for heile regionen. I nye Volda kommune vil han legge sjela si i å få med bygdene på Vestsida i Volda, og no også Bjørke og Viddal. Alle skal føle at dei høyrer til.

– Og det er ikkje svart kvitt. At Bjørke og Viddal no vert del av nye Volda vil ikkje seie at vi ikkje kan samarbeide med Ørsta om mellom anna reiseliv. Vi må sjå på dette i ein heilskap. Hjørundfjorden er ikkje delt, sjølv om han no vil ligge i to kommunar. Hjørundfjorden er der han alltid har vore.

Fleire har den siste tida teke til ordet for at også Ørsta må kome på banen og vere med i den nye kommunen saman med Volda og Hornindal.

– Då tenkjer eg at Ørsta først må finne ut av dette på eiga hand. Kanskje må dei ha eit anna politisk fleirtal. I alle fall må dei verte samde på kammerset først og finne ut kva dei vil. Sidan synest eg vi skal vere opne og ta den diskusjonen. Men vi må også vere realistiske og sjå at den diskusjonen ikkje kan føre fram til noko før 2020. Å ta inn ein ny kommune i ein så stor prosess som kommunesamanslåing er, vil vere respektlaust overfor både innbyggjarar og tilsette. Så veit eg at innbyggjarane både i Volda og Ørsta sa nei til samanslåing. Det betyr at der må skje endringar på begge sider av kommunegrensene, før vi kan løfte saka vidare, og sjå framover dit vi skal.