I 2016 fekk Ørsta kommune 7,8 millionar kroner i ekstra inntekter grunna Tussa kraftverk på Bjørke og konsesjonsavgift. Av dei 7,8 millionane kom 1,2 millionar kroner i eigedomsskatt frå Tussa sine kraftanlegg i Bjørke-området. Vidare vart det betalt 1,3 millionar kroner i konsesjonsavgift frå Tussa si side til Ørsta kommune. Og som vertskommune, har Ørsta kommune krav på å få tilført såkalla konsesjonskraft frå Tussa. Frå Bjørke-anlegga utgjorde dette ein verdi på 5,3 millionar kroner.

Frå 2020 er dette inntekter som vil bli tilført nye Volda kommune.

– Det faktiske beløpet kan variere ein heil del, og beløpet er ein funksjon av kraftprisane. Er kraftprisane høge kan det bli eit ganske stort beløp, og er dei låge blir ikkje beløpet fullt så stort, seier Elling Dybdal som er konsernsjef og adm. direktør i Tussa Energi. Han opplyser at i 2016 var kraftprisane relativt låge.