Det seier Per Are Sørheim (H) etter at det vart klart at Bjørke og Viddal vert grensejustert til nye Volda kommune frå 2020, med Volda og Hornindal. Han trur ikkje Ørsta har råd til å stå aleine.

– Frykta mi i dette er at vi ikkje evnar å sjå dei økonomiske utfordringane Ørsta kommune står overfor, og at Volda kanskje er litt for godt nøgde med eigen situasjon saman med Hornindal. Vi må ikkje øydelegge denne sjansen. Dette er ein sjanse vi må nytte til å ta diskusjonen. Eg har trua, meir enn nokon gong, på å slå saman kommunane våre.

Han stod på talarstolen i kommunestyret i mars og sende dei same signala – at om Bjørke ikkje lenger skal vere ein del av Ørsta, så må dei vurdere å starte prosessen på ny.

– Vi treng å få ei ny politisk vurdering, og det må skje i Volda også. Her er også nokre som må gjere ei ny vurdering av kvar dei står i denne saka. Med nye fakta på bordet, og ein heilt ny situasjon, der vi misser Bjørke og Viddal, så er det lov å endre meining.

Sørheim meiner det hastar, men ser også utfordringane med at Volda og Hornindal står midt inne i ein stor prosess med samanslåing, og at det vil vere vanskeleg å finne rom til å involvere nok ein kommune på noverande tidspunkt.

– Vi rekk det ikkje til 2020, men om vi seier 2023, etter neste kommuneval. Det kan vi få til. Og no må vi handle raskt. Allereie i haust må vi ta denne diskusjonen og konkludere om kva det er vi vil.

Med tanke på den geografiske plasseringa, vil Ørsta og nye Volda ha ein sentrumsposisjon på søre, meiner Sørheim.

– Vi må gripe denne sjansen. Då vil det også vere lettare for oss å ta dialogen med andre kommunar i området, om dei også kjem på banen.