Bjørke-området er splitta - men folk vil skilje mellom sak og person

Klar melding: – Eg kjem aldri til å kalle meg volding

– Frontane er steile, men vi må klare å leve med kvarandre. Og ein ting er klart: Eg kjem aldri til å kalle meg volding!

Skuffa: Per Arne Saure og kona Åse Rørstad Saure er skuffa over at dei skal flyttast over til Nye Volda kommune. Sjølv om bygda er splitta skil dei mellom sak og person.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Orda kjem frå Åse Rørstad Saure (60).

Det er dagen etter at meldinga frå statsråden kom: Området Bjørke og Viddal skal over til nye Volda. I hagen på Fram-Saure nedst i Skjåstaddalen sit ekteparet Per Arne Saure (63) og Åse Rørstad Saure. Dei likar ikkje meldinga frå regjeringa.