Lurivar har lagt ut ordløypa si langs stien til Høgetua, og på toppen finn de utebiblioteket hans med gode nynorske bøker for barn og unge.

Ordløypa til Lurivar er på ti postar med utfordringar som passar godt saman med ei lita utflukt for heile familien. I år har han samla inn ei mengd ulike namn på dyr i den norske faunaen som store og små kan få bryne seg på. Det er berre å hente eit svarark i kafeen, gjere sitt beste gjennom løypa, levere svara i kafeen og bli med i trekninga om kjekke premiar!

På Høgetua kan ein kose seg med bøker frå Lurivar sitt utebibliotek. Det er også mange kjekke aktivitetar for borna i Aasen-tunet. Ein kan gå på bokstavjakt i utstillinga, brette si eiga bok, lage bokmerke og besøke Lurivar sin hems. Måndag 23.–fredag 27. juli blir det høve til å vere med på Orda rundt med Lurivar, eit vandreteater med skodespelar Maria Halseth i rolla som Lurivar.

Aasen-tunet har ope kvar dag i sommar, og kafeen serverer enkle smårettar, pannekaker og is. I butikken finn du fleire Lurivar-produkt og stort utval i bøker og kjekke gåveartiklar.