Lett fiske er fiske med fluge der flytande dupp eller flugesnøret utgjer kastevekta eller fiske med mark med eller utan dupp. Søkke er forbode, og det same er sluk eller rapala. Dette opplyser Bondalen elveeigarlag på sine Facebook-sider.

- Restriksjonane vil vedvare til elva blir større att. Vi vonar at vi greier å la vere å stenge elva. Vi har ikkje høyrt noko negativt om restriksjonane så langt, og vi trur og vonar at fiskarane set pris på at elva er open, seier nestleiar Jan Ole Valseth i elveeigarlaget.

Døgnkvoten i elva er redusert til ein laks pr. fiskar.