For eitt år sidan starta Saksa turstiforening arbeidet med planlegging av ein gapahuk i stein på Klokksegga, som er ein naturleg stoppestad på turen over Urkeegga. Det vart samla inn underskrifter frå grunneigarar og søkt om byggeløyve, og i september i fjor fekk turstiforeininga klarsignal til å starte bygginga.

– Vi har funne ei kostnadsramme som vi kan leve med, og eg trur ikkje at vi kjem til åoverskride budsjettet vårt. Via kjentfolk kom vi i kontakt med Busengdal transport. Dei har eit eige steinbrot og vi har fått gratis stein med dei, seier leiar Jens Arve Forbord.

Turstiforeininga har valt å bygge gapahuken i stein.

– Gapahuken vil gå meir naturleg inn i terrenget, i tillegg til at det estetisk blir finare å sjå på.

I slutten av juni vart det sytti hiv med helikopter for å få steinen opp på Klokksegga, eller Kollen som dei kallar det på Urke.

– Vi har fått grave ut tomta, og førre laurdag hadde vi den første skikkelege dugnaden. Vi skal og ha ei samling no laurdag, og folk som er interessert i å ta i eit tak er hjarteleg velkomne.

Det har blitt vurdert å leige inn sherpaer til prosjektet, men til slutt valde turstiforeininga at bygginga skulle skje på dugnad.

– Vi tenkte at dette skal vere eit prosjekt som står att etter oss og at det ville vere kjekt å få det til.

Forbord kallar gapahuken ein moderne varde på ein fjelltopp.

– Dette er ein stad som folk vonleg vil kome til, og det er marknadsføring av Hjørundfjorden i verdsklasse. Vi trur at dette vil ha ringverknader for dei som allereie driv næringsverksemd i fjorden og også for turiststraumen.

Målet er at gapahuken skal stå ferdig i haust før den første snøen fell.

– Det blir eit lite platå rundt gapahuken. Her tenker vi at det kan bli ei grue, og kanskje set vi opp nokre punkt for å henge opp hengekøyer. Vi er trygge på at dette blir veldig bra, og vi skal ha det kjekt medan vi får det til.

Utsikt: Klokksegga er ein naturleg stoppestad på turen over Urkeegga. Målet er at gapahuken skal stå ferdig i haust. Foto: Saksa Turstiforening
Stein: Saksa turstiforening har fått gratis stein levert av Busengdal transport. Steinen har blitt frakta opp med helikopter, og bygginga av gapahuken er godt i gang. Foto: Saksa Turstiforening