I fjor haust starta arbeidet med å bygge den nye vegen i Sætremarka, oppgradere eksisterande veg, kople saman Sætremarka med Sætrefeltet via gang- og sykkelveg, bygge felles leikeplass og skoge i det nye tomteområdet. Volda Maskin har vore entreprenør på prosjektet og torsdag vart den nye vegen offisielt opna. Odd Inge Johannessen er ein av naboane i Sætremarka som er glad for at det kjem nye kommunale tomter på Vartdal.

– No når kommunen har lagt så mykje ressursar i dette prosjektet så vonar eg inderleg at det kjem nokon som vil kjøpe tomt og busette seg her, seier Johannessen.

– Gjort eit nytt og rett trekk

Ordførar Stein Aam stod for den offisielle opninga og han legg litt press på vartdalingane. Han er klar på at det mest attraktive alternativet vart valt då dei skulle lage til tomter, og at dette er gjort etter ønske frå lokalbefolkninga.

– Vi i Ørsta kommune, saman med innbyggjarane på Vartdal, har lagt til rette for bustadtomter, skule, idrettshall, barnehage og eldreomsorg på Nordre Vartdal. No må vartdalingane vise at kommunen har gjort eit nytt og rett trekk ved å kjøpe tomter og vise at det var dette dei ville. Vi legg litt press på vartdalingane, og vi gjer ikkje dette berre for at det skal sjå fint ut. Det er ein bevisst politikk om at vi skal etablere tomter både på Vartdal, Sæbø, Legene, Liadal og i sentrum.

leikeplass: Ein felles leikeplass for Sætrefeltet og Sætremarka er no opparbeidd.

Fire nye tomter

Prosjektet på Vartdal har ein kostnad på mellom 2,2 og 2,5 millionar kroner. Det blir fire nye tomter som har ein storleik på mellom 800 og 900 kvadratmeter.

– Tomteprisen ligg på cirka 490.000 kroner. Vi har bygt 200 meter ny veg i topp moderne standard. Her er gatelys, felles leikeplass for bustadfeltet og gang- og sykkelveg som bind saman desse to bustadfelta. I tillegg har vi rusta opp gamlevegen. Det var grusveg og no er det kome asfalt og gatelys også på denne delen. Eg vil skryte av Volda Maskin for godt utført arbeid og for godt samarbeid gjennom heile prosessen, seier prosjektleiar Dag Jarle Aa i Ørsta kommune.

I tillegg til ny veg og opprustning av eksisterande veg har vatn og avløp fått ei oppgradering ved fylkesvegen og mot gamle Sætrefeltet.

– Tomtene som no er tilgjengeleg er sentrale med tanke på at Vartdal ligg midt mellom jobbmarkanden i Ørsta og i Ålesund. Her blir også godt utsyn til nye Vartdal stadion og ungane kan springe rett til skule, idrettsanlegg og -hall. Det er og kort veg til barnehage.