På nettsida vårt er programmet oppdatert til ei kvar tid, og der kan du også sjå trailerar og lese om dei forskjellige filmane som går. Møre og Romsdal fylkeskommune har eit særs godt tilbod til ungdom mellom 15 og 20 år som gir målgruppa 25 prosent rabatt på billettar til alt vi har av arrangement og kino på Ørsta kulturhus. Desse billettane får ein kjøpe i kiosken, dei ligg ikkje tilgjengeleg på nett. Tilbodet heiter «kulturrabatt for ungdom».

Her er eit utval av filmar som går no for tida, og nokre som snart kjem. Vi ynskjer alle ein god kinosommar, film er best på kino og vi har den beste lyden (Dolby Atmos) og stort lerret.

Ant-Man and The Wasp (Dolby Atmos)

Frå Marvel Cinematic Universe kjem «Ant Man and The Wasp», eit nytt kapittel med heltar som har den forbløffande evna til å krympe.

I etterkant av «Captain America: Civil War» slit Scott Lang med konsekvensane av sine val som både superhelt og far. Medan han strevar for å balansere familielivet med ansvaret sitt som Ant-Man, konfronterast han av Hope van Dyne og Dr. Hank Pym med eit nytt viktig oppdrag. Scott må nok ein gong ta på seg drakta og lære seg å kjempe saman med Wasp for å avdekke løyndommar frå fortida. Denne filmen har 12 års aldersgrense, då kan ein få sleppe inn om ein er 9 år dersom ein har med ein vaksen. Filmen høver nok best for ungdom og vaksne.

Ant-Man and The Wasp.

Love, Simon

Alle fortener ei flott kjærleikshistorie! Men for Simon er det litt meir komplisert: ingen veit at han er homofil, og han har heller inga aning om kven det er han har blitt forelska i på nettet - berre at det er ein som går på skulen hans. Å finne ut av dette viser seg å vere både moro og skremmande - samtidig som det vil forandre livet hans for alltid. Filmen er tillatt for alle, men eignar seg best for ungdom og vaksne. Siste visning måndag 9.juli som dagkino.

Love, Simon.

Mamma Mia: Here We Go Again!

Oppfylgjaren til kinosuksessen «Mamma Mia» frå 2008. Tidenes herligaste filmoppleving er tilbake! Endeleg er oppfylgjaren til kinosuksessen, Mamma Mia, her. Ti år etter handlinga i den første filmen, ventar Sophie og Sky barn. Sophie har teke over drifta av Donnas villa på den greske øya Kalokairi. Medan ho går svanger ynskjer ho å få vite meir om mora si fortid og korleis ho møtte Sophie sine tre fedre. I tillegg bankar ein ny gjest på døra; Sophie si bestemor, som ho aldri har møtt før. Filmen har fått 9 års aldersgrense og passar for alle som er glade i feelgood-filmar og Abba. Og er du ikkje så glad i Abba så kan det hende du blir det av å sjå denne filmen!

For dei minste:

Brannmann Sam: Helter i Stormen. Når ein orkan treff byen, skjer alle moglege naudsituasjonar..

Karsten og Petra På Skattejakt. Den 7. og siste filmen om Karsten og Petra. På stranda finn dei ein boks som morfar grov ned då han var liten. Det er ein tidskapsel, med gamle, rare ting, og ein mystisk rebus. No startar ei spennande skattejakt for Karsten og Petra!

Vi har fått førpremiere på denne filmen, og då skal vi lage til skattejakt på Ørsta kino med flotte premier!

Hotell Transylvania 3 (Norsk tale). Gled deg, Monstera frå Hotell Transylvania er tilbake, og denne gongen står dei ovanfor noko skumlare enn alle spøkelsa, vampyrane og varulvane i verda: Familieferie.

Hotell Transylvania 3.

Filmen har fått 6 års aldersgrense.